tirsdag 11. oktober 2011

Plagiat i skulen

Internett og digitale tekstar blir meir og meir vanleg. Ein kan bruke google til å søkje opp tekster som er skrive av andre og publisert på nettet. Dette er noko som kan bli ei stor utfordring i skulen, ikkje berre for lærara men også for elevar.

Kva er grunnen til at elever veljer denne løysinga?
- Dårlege haldningar : Elevar vel å ta en lett vei til en ferdig stil eller fagtekst. Om det er dette som er problemet tenkjer eg at man må lære elevane og skrive, motivere dei til å ville skrive gode tekstar som dei skapar sjølve. Som A.Aberg skriv hjelp det å gjere elevane bevisste på sin eigen tekst og arbeidsprossess.
- Uvisse: Elevane må også bli lært opp til å vite kor grensa går mellom plagiering og å bruke idear. Korleis skal ein bruke kjeldane rett? Eg har sjølv sett i praksis elevar som brukte klipp og lim, det var rett og slett fordi dei trudde det var slik dei kunne gjøre det.

Eg tenkjer at som lærara må vi gjere elevane bevisste og skape gode læringsprossesar slik at elvane blir motiverte til å ikkje jukse.