lørdag 12. mai 2012

Samensatte tekster

Samansatte tekster kan vere så mangt, aviser, plakater og film. Vi fekk prøve og lage animasjonsfilm under ei samling i DKL 102, og fekk tips om korleis vi kunne gjennomføre dette i skulen. Animasjonsfilm eller anna film kan brukast i fleire fag, eigentleg i alle fag - her er det kun fantasien som set grenser. Ein kan tildømes bruke det tverrfagelig foreksempel ved å lage eventyr i norsk og kulisser i Kunst og handtverk. Før ein filmer må ein lage Arbeidsplan/mål, manus og passe på at ein har utsyret som ein treng.

Forberedelser:
  1. Vi valge oppgåve, lage animasjonsfilm av eit eventyr - Haren og Skilpadden
  2. Idemyldring - korleis skulle dette gjennomførast? Vi kom fram til at vi skulle lage ein moderne versjon som vi ville kalle fotballspelaren vs nerden.
  3. Vi lagde skisser over kva forskjellige sett vi ville ha med, jo ferre jo enklare. Gjenbruk var også eit viktig element her - Det er enklare om vi kan bruke enkelte kulisser fleire gonger. Under denne delden lagde vi teikneseriestripe med plan
  4. Manus - Vi lagde eit manus med kva som skulle skje og kva som skulle bli sagt.
  5. Vi fann ut kva utstyr vi trengte
    - Kamera
    - Stativ
    - Plastelina ( til figurer)
    - Legofigurer
    - Ark til å lage kulisser
    - Data til redigering av film og lyd. Programa vi bruke var movie maker og Audacity. Dette var program eg tykjer var lette å bruke som ein ikkje treng veldig store ferdigheter for å bruke.
Bildetaking:
  1. Vi lagde til kulissene og byrja å ta bileter - dette var ein tidskrevande prosess. Vi flytta figurane millimeter for millimeter mens vi tok bileter.
Redigering:
  1. Vi la bileten inn på datan og fekk dei i riktig rekkefølge. La inn tid på dei forskjellige bildene på kor lang tid dei skulle vise
  2. Vi laga lyden i små klipp i Audacity for å seinare legge dei inn i movie maker.
  3. Lagre og klart.


Filmen kan du sjå her   <-- Link til youtube


Under prosessen såg vi andre ting vi kunne ha endra på. Vi hadde blant anna veldig mange bilder og det tok veldig lang tid.  Likevell sat vi igjen med gode tanker om å bruke dette som verkty i skulen. Det er noko som trigger elevane fordi det er litt nytt og noko som fleire elevar tykjar er spennande å arbeide med.

Å arbeide med tankekart

Tankekart er eit kjendt verkty i skulen, og er eit verkty som kan takast i bruk i læringsprosessen. Elevar lærer forskjellig og treng ulike metodar for å tilegne seg kunnskapen på. Forskjellige metodar kan vere notater, samandrag, stikkord, og tankekart. Tankekart er ikkje noko nytt, det blir hevda at filosofen Porphyrius fra Tyros (ca. 233–ca. 309) brukte en variant av tankekart for å beskrive Aristoteles begrepskategorier.( Internett 1)

Tankekart kan blir brukt til å planlegge oppgåver og prosjekter, underveis når man lærer om noko og som ei oppsummering for å oppsummere kunnskapen ein sitt igjen med.

Her har eg laga eit tankekort med mindomo. Når ein skal ta i bruk eit nytt verkty er det viktig at ein tar i bruk noko som er lett å ta i bruk, det må vere tilgjengeleg for alle elevar og det må vere noko elevane klarer å ta i bruk utan for mykje arbeid. Det må vere nyttig og ta det i bruk framfor eit anna verkty. Vi ser her at ved å lage verkty digitalt har ein fleire fordeler, sjølv om der også er nokre ulempar med dette.  Som lærer må ein vurdere om fordelane veier opp for ulempane utifrå kva ein skal bruke verktyet til.


______________________________________________________________
Kjelder:

- Internett 1: Leksjon om Tankeverktøy av Kjell Antvort, henta 12.05.12, https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$577341605$/RomArkiv/2.+Veke+4+og+13_prcent_3A+Tankeverkt_prcent_F8y/Veke+4_prcent_3A+Tenkeverkt_prcent_F8y+1/DKL102_Tenkeverkt_prcent_F8y1_v12.pdf

Høiland, T og Wølner, T.A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse (1.utg.) Gyldendahl akademisk

tirsdag 24. april 2012

Heller facebook enn venner?



''Språkprofessor Sylfest Lomheim frykter at Facebook ødelegger kommunikasjonen mellom folk. Undersøkelser viser at en av fire unge synes det er viktigere å være oppdatert på Facebook enn å treffe venner.'' (Internett 1) Dette er teksten som man finner under filmen på nrk.

Dette er ikkje fyrste personen eg høyrer seie dette, og dette er noko som stadig dukkar opp som eit diskusjonstema. Blir vi for avhengige av facebook? Møtast vi mindre fordi vi heller snakka med kvarandre på facebook? Kan ein ha den same kontakta på facebook som ein kan ha om ein møtast fysisk?

Eg tenkjer at det er viktig og ikkje berre fokusere på det negative, men også hugse på alt det nye facebook åpner opp for. Før var det vanleg at folk sendte brev for å halde kontakt med familie og venner som budde langt vekke, mens no er det meir vanleg å chatte, sende private meldingar eller skrive på veggen til kvarandre på facebook. Mange vil meine at det er trist at det blir sånn, mens eg har ikkje nokke i mot denne endringa. Etter eg starta på høgskulen hadde eg venna spreidd over heile landet, eg hadde ikkje såtte med ned og sendt brev eller en sms like ofte som eg gir dei eit lite vink på facebook. Det gjer det litt lettare å bare seie hei og ''slå av ein liten prat'' når ein har folk så lett tilgjengeleg på facebook.
Det er også mogligheitar til å avtale ting. Er man ti stykke som skal møtast er det enkalre å lage eir arrangement, gruppe eller ein felles meldingstråd i staden for å ringe eller sende mange sms fram og tilbake.

Om ein skal gå litt meir over til om korleis facebook påverkar vår sosiale kvardag. Sitt vi heller på facebook enn å møtast. Utifrå min kvardag vil eg seie at vi møtest ofte sjøl om vi også snakkast åå facebook, fordi det er alltid mykje kjekkare og vere i lag enn å sitte å ''snakke'' med kvarandre på facebook. Om ein prøver å snu det kan ein tenke om vi ikkje hadde hatt facebook om vi hadde møttest oftare? Eg tenkjer at kansje hadde vi møttest litt meir, men det hadde nokk ikkje ført til dei aller største forskjellane.
Om ein skal sjå på dei som er litt yngre veit eg at alle mine tre brødre bruker facebook veldig mykje til å avtale at dei skal møtast. Det er også då lettare at fleire får med seg at no blir det fotball i ballbingen og det er berre å hive seg med for dei som vil. Sjølv om dei bruker tid på å snakke med venner på facebook møtast dei også ofte.

For å avslutte vil eg seie at på grunn av utviklinga vi går inn i der data og anna teknologi er ein veldig stor del av kvardagen vår er det naturleg at facebook blir ein større del av kvardagen. Eg trur at facebook er med på å gjere at vi har meir kontakt med venner, familie og bekjente enn om vi ikkje hadde hatt facebook.

Det allere viktigaste er at sjølv om datan blir ein større del av kvardagen må vi hugse å trykke på avknappen.

Internett 1:http://www.nrk.no/video/heller_facebook_enn_venner/8523BEB08B81AE68/

onsdag 18. april 2012

Redd for å bruke sosiale medier?

Gjennom DKL 1 har vi lært oss om ulike verktøyer vi kan ta i bruk i skulekvardagen og litt kva vi må tenkje over før vi sett i gang å bruke dette. Eg trur mange lærerar er ''redde'' for å bruk slike vekrkty fordi dei tenkjer at det fort kan bli litt assosiert med ein fritidsaktivitet. Tønnesen påpeiker at de unges mediebruk er forbundet med å ha fri og det skaper eit dilemma i skulekvardagen. Vi må finne ein måte der vi kan få ein felles skule- og fritidskultur.

Vi må lærer elevene våre om korleis dei kan ta i bruk elementer dei bruker i fritida deira til å bli noko meiningsskapande i skulekvardagen. Eit døme her er blogg, bloggen kan dei bruke både privat og på skulen for si og andres si læring.

Det er viktig som lærer og teste ut, og å ikkje vere ''redde''. Barna må få mulighet til å teste ut blogg, wikispaces, facebook og andre arenar for å få eit aukt læringsnivå.

-------------------------------------------------------------------------------------
Elise Sneip Tønnessen, Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Universitetsforlaget

fredag 2. mars 2012

Samling 2

Den andre samlinga var veldig kjekt og vi fekk erfare korleis det var å lage animasjonsfilm. Vi arbeida under tidspress og eg ser i etterkant at vi kunne gjort fleire endringar for å gjort filmen vår betre. Under abreide var det fleire ting som tok lenger tid enn kva vi (eg) hadde trudd, likevell kom vi i mål på ca lik linje med dei andre. Her kjem resultatet av filmen, og seinare kjem ei vurdering av denne arbeidsmetoden.

Sjå filmen her <-

mandag 27. februar 2012

Tilpassaopplæring - oppgåve 2

Oppgåva lyder slik: Korleis lærer du best? Skriv ned 1 – 3 måtar du meiner du lærer mest effektivt.

Etter 12 år med grunnskule ( hoppa over 1.klassa når 6åringane skulle begynne på skule) har eg vert på mange elevsamtaler, 2 per år! Eit standar spørsmål frå læraren har då vert '' Karoline, korleis lærer du best?''
Eg har kome med det same svaret så lenge eg kan hugse og på toppen kom nok alltid :Når eg høyrer på læraren og tar notater ved siden av ( evt skriv av det han presenterer på overhead). Av den grunn fekk eg ofte høyre av læraren at eg er slik ein A4 elev, ein slik elev alle lærara likar fordi det er så lett å undervise meg. Andre måtar eg har lært på er å lese og skrive notatar/samandrag i mens eller ved å løyse oppgåver. Eg har aldri vert ein elev som lett har ''dåtte av'' i undervisninga og har såtte stille og rolig på stolen min og følgt med.

Ein ting eg har observert når eg har vert i praksis er at det slett ikkje er alle som har det slik og elevane treng at vi varierer og prøver forskjellige måtar og nå dei på. Dette merker eg også på meg sjølv når eg skal undervise - ikkje berre vil eg variere unndervisninga for elevane si skuld men også for mi eiga. Å ha ein dag med mange timar på rad der ein gjer stort sett det same blir faktisk litt ''kjedelig'' og lite inspirerande for meg som lærar - og då tenkjer eg at det er nok slik mange elever også føler det.

tirsdag 31. januar 2012

Studentblogg

Studentblogg kan vere eit godt verkty til å bruke for læring i skulen. Dette er gjerne noko elevane tykkjer er kjekt, fordi det ikkje blir sett noko formelle krav til tekstane deira og at dei får fokusere på det dei ynskjer innan fagtemaet. Medelevar kan lære ved å gå inn på kvarandre sine bloggar og lese, kommentere og diskutere andre sine vinklingar på fagstoffet. Bloggen kan òg fungere som ein dokumentasjon for lærar på kva elevane kan og har lært innan dei ulike emna. I denne oppgåva har vi teke føre oss blogplattformen Blogger/ blogsopt, www.blogspot.com.

Ulike verkty for samarbeid:

Studeieblogg gir fleire mogleikar for samarbeid. Ein kan ha fleire forfattarar som samarbeidar om ein blogg, som gjer at elevane kan få eit vidare læringsutbytte enn om dei jobba aleine, fordi ein kan bruke bloggen til å samle fagstoffet på ein god måte. Uansett om elevane har ein individuell blogg eller samarbeidar om ein, kan dei kommentere og diskutere innlegga til kvarandre. Her kan dei komme med sine synspunkt og faglige innspel, og på denne måten lære av kvarandre.

Deling og publisering:

Studieblogg kan vere ei opa side, der alle kan gå inn og lese og kommentere eller ein kan gå inn og begrense kven som skal ha tilgong til sida. Ein kan lenkje til andre sida frå bloggen, og ein kan lenkje til bloggen frå andre soiale webnettstadar. Det er enkelt å dele bloggen, men det positive er at ein og kan velje kven som kan lese den.

Geo-merking:

Ein kan ikkje søkje opp via internett og tagge kvar ein er i dei ulike innlegga elevane postar i studiebloggen sin.

Funksjonar for dialog eller respons:

Som vi har vore inne på tidlegare kan ein føre ein dialog via studiebloggen ved å kommentere innlegga til kvarandre, og på denne måten gi elevrespons. Dette kan læraren òg vere ein del av, men ei vurdering vil kanskje passe seg betre og på ein nettstad der ein kan kommentere utan at det blir offentleg for alle å lese.

Funksjonalitet eksplisitt meint for bruk i læringsarbeid:

Studiebloggen gir nyemogleiker for læring, sidan elevane kan lære av kvarandre når dei ynskjer. Bloggane er heile tida under utvikling, og elevane kan lese og redigere etterkvart. Ein lærer ikkje berre av å lese andre sine bloggar, men òg av at andre kommenterar det ein sjølv har arbeida med og kjem med nye tankar rundt dette slik at ein kan arbeide vidare med emnet.

Studiebloggen har ikkje så mange funksjonar at ein går seg vill, den er oversiktelig og ryddig og slik enkel å bruke. Det er lett for elevane og publisere det dei har lært, og ein fin måte og lære meir på.

Gruppearbeid - Skrive av meg og Marita

Wikispaces

På den fyrste samlinga hadde vi ei gruppe om å lage ein wiki. Vi lagde ein wiki om ulike nettstadar. Vi tok for oss Facebook, studieblogg og del og bruk og presenterte kva funkasjonar desse sosiale mediene har.

Eg var på gruppe med Marita, Kjerstin og Michelle og her er vårt reaultat sossweb. Eg vil seie at år wiki har STORT utviklingspotensiale og vi kunne gjort mykje meir ut av det, men dette var så langt vi kom på samlinga

En litt treig start!

Studiebloggen er desverre blitt litt gløymt på starten av dette semesteret, men no er eg i gong på dkl 102. Ei samling er allerede over der vi lærte om sosialweb, og i tillegg er vi i gang på Mappeoppgåve 1.