mandag 27. februar 2012

Tilpassaopplæring - oppgåve 2

Oppgåva lyder slik: Korleis lærer du best? Skriv ned 1 – 3 måtar du meiner du lærer mest effektivt.

Etter 12 år med grunnskule ( hoppa over 1.klassa når 6åringane skulle begynne på skule) har eg vert på mange elevsamtaler, 2 per år! Eit standar spørsmål frå læraren har då vert '' Karoline, korleis lærer du best?''
Eg har kome med det same svaret så lenge eg kan hugse og på toppen kom nok alltid :Når eg høyrer på læraren og tar notater ved siden av ( evt skriv av det han presenterer på overhead). Av den grunn fekk eg ofte høyre av læraren at eg er slik ein A4 elev, ein slik elev alle lærara likar fordi det er så lett å undervise meg. Andre måtar eg har lært på er å lese og skrive notatar/samandrag i mens eller ved å løyse oppgåver. Eg har aldri vert ein elev som lett har ''dåtte av'' i undervisninga og har såtte stille og rolig på stolen min og følgt med.

Ein ting eg har observert når eg har vert i praksis er at det slett ikkje er alle som har det slik og elevane treng at vi varierer og prøver forskjellige måtar og nå dei på. Dette merker eg også på meg sjølv når eg skal undervise - ikkje berre vil eg variere unndervisninga for elevane si skuld men også for mi eiga. Å ha ein dag med mange timar på rad der ein gjer stort sett det same blir faktisk litt ''kjedelig'' og lite inspirerande for meg som lærar - og då tenkjer eg at det er nok slik mange elever også føler det.