lørdag 12. mai 2012

Samensatte tekster

Samansatte tekster kan vere så mangt, aviser, plakater og film. Vi fekk prøve og lage animasjonsfilm under ei samling i DKL 102, og fekk tips om korleis vi kunne gjennomføre dette i skulen. Animasjonsfilm eller anna film kan brukast i fleire fag, eigentleg i alle fag - her er det kun fantasien som set grenser. Ein kan tildømes bruke det tverrfagelig foreksempel ved å lage eventyr i norsk og kulisser i Kunst og handtverk. Før ein filmer må ein lage Arbeidsplan/mål, manus og passe på at ein har utsyret som ein treng.

Forberedelser:
  1. Vi valge oppgåve, lage animasjonsfilm av eit eventyr - Haren og Skilpadden
  2. Idemyldring - korleis skulle dette gjennomførast? Vi kom fram til at vi skulle lage ein moderne versjon som vi ville kalle fotballspelaren vs nerden.
  3. Vi lagde skisser over kva forskjellige sett vi ville ha med, jo ferre jo enklare. Gjenbruk var også eit viktig element her - Det er enklare om vi kan bruke enkelte kulisser fleire gonger. Under denne delden lagde vi teikneseriestripe med plan
  4. Manus - Vi lagde eit manus med kva som skulle skje og kva som skulle bli sagt.
  5. Vi fann ut kva utstyr vi trengte
    - Kamera
    - Stativ
    - Plastelina ( til figurer)
    - Legofigurer
    - Ark til å lage kulisser
    - Data til redigering av film og lyd. Programa vi bruke var movie maker og Audacity. Dette var program eg tykjer var lette å bruke som ein ikkje treng veldig store ferdigheter for å bruke.
Bildetaking:
  1. Vi lagde til kulissene og byrja å ta bileter - dette var ein tidskrevande prosess. Vi flytta figurane millimeter for millimeter mens vi tok bileter.
Redigering:
  1. Vi la bileten inn på datan og fekk dei i riktig rekkefølge. La inn tid på dei forskjellige bildene på kor lang tid dei skulle vise
  2. Vi laga lyden i små klipp i Audacity for å seinare legge dei inn i movie maker.
  3. Lagre og klart.


Filmen kan du sjå her   <-- Link til youtube


Under prosessen såg vi andre ting vi kunne ha endra på. Vi hadde blant anna veldig mange bilder og det tok veldig lang tid.  Likevell sat vi igjen med gode tanker om å bruke dette som verkty i skulen. Det er noko som trigger elevane fordi det er litt nytt og noko som fleire elevar tykjar er spennande å arbeide med.

Å arbeide med tankekart

Tankekart er eit kjendt verkty i skulen, og er eit verkty som kan takast i bruk i læringsprosessen. Elevar lærer forskjellig og treng ulike metodar for å tilegne seg kunnskapen på. Forskjellige metodar kan vere notater, samandrag, stikkord, og tankekart. Tankekart er ikkje noko nytt, det blir hevda at filosofen Porphyrius fra Tyros (ca. 233–ca. 309) brukte en variant av tankekart for å beskrive Aristoteles begrepskategorier.( Internett 1)

Tankekart kan blir brukt til å planlegge oppgåver og prosjekter, underveis når man lærer om noko og som ei oppsummering for å oppsummere kunnskapen ein sitt igjen med.

Her har eg laga eit tankekort med mindomo. Når ein skal ta i bruk eit nytt verkty er det viktig at ein tar i bruk noko som er lett å ta i bruk, det må vere tilgjengeleg for alle elevar og det må vere noko elevane klarer å ta i bruk utan for mykje arbeid. Det må vere nyttig og ta det i bruk framfor eit anna verkty. Vi ser her at ved å lage verkty digitalt har ein fleire fordeler, sjølv om der også er nokre ulempar med dette.  Som lærer må ein vurdere om fordelane veier opp for ulempane utifrå kva ein skal bruke verktyet til.


______________________________________________________________
Kjelder:

- Internett 1: Leksjon om Tankeverktøy av Kjell Antvort, henta 12.05.12, https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$577341605$/RomArkiv/2.+Veke+4+og+13_prcent_3A+Tankeverkt_prcent_F8y/Veke+4_prcent_3A+Tenkeverkt_prcent_F8y+1/DKL102_Tenkeverkt_prcent_F8y1_v12.pdf

Høiland, T og Wølner, T.A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse (1.utg.) Gyldendahl akademisk