tirsdag 3. mai 2016

Bloggoppgåve 5: Refleksjon rundt problemsløysing og læringsprosessar.

I denne oppgåva kjem eg til å reflektere over korleis eg går fram når eg skal lære noko nytt og. Eg vil også skrive litt om forandringa før og etter DKL.

Når eg skal arbeide med eit nytt tema eller emne må eg fyrst skaffe meg ei lita oversikt. Prøve å få tak i kva det handlar om eller finne måla på kva eg skal lære.
Eg tenkjer eg jobber veldig ulikt om eg skal lære meg ny teori eller om det er eit nytt verktøy eg skal bli kjend med. Når det er ny teori må eg sette meg ned å lese, Møter eg på ting som er vanskelege eller ikkje heilt forstår prøver eg å finne bøker eller nettstader for å prøve å forstå ved å få ein anna innfallsvinkel

I praktiske oppgåver er prøving og feiling alfa omega for meg. Aller best når eg skal jobbe med nye program synast eg det beste er å få prøve seg fram, og teste ut. Nokre gonger går det, andre gonger ikkje. Dette er metoden som gjer at eg lærer best. Eg kan gjerne lese ei bruksanvisning/forklaring, men då må dette vere medan eg arbeidar med oppgåva. Det beste er å ty til forklaring når eg støter på eit problem, då har eg noko konkret eg må leite etter og finne svaret på. Når eg då står fast og må finne eit svar på eit problem tyr eg til Google, om det blir ein intriduksjon på den orginale nettstaden, ein tutorial eller eit forum eller ein anna nettstad med svar kjem litt ann på kva eg fyrst kjem innom som er godt forklarande.

Ettersom eg har tatt  litt DKL frå før og vore veldig glad i å bruke data og digitalt utstyr i undervisning tenker eg at det ikkje har skjedd ei stor endring i lærerrolla hos meg etter DKL 114. Likevell har eg med meg ein god del nye verktøy som eg gleder meg til å ta i bruk i undervisning.
Ein ting som har endra seg er kva eg tenker om barn og unges digitale kultur og kva innblikk eg treng å ha til det. Før har eg tenkt at det er ikkje så viktig som eg no ser at det er. At ved å kjenne til deira digitale mediekultur vil eg lettare kunne møte dei på deira nivå og lære dei om nettvett og god mediebruk.

mandag 18. april 2016

Bloggoppgåve 4: Debatt som sjanger

Denne bloggoppgåven består av tre deler. I fyrste del vil eg kome med ei oppsumering av ein debatt om teknologi i skulen frå DKLs Høstseminar 2014: Framtidas læring og skole. 
I oppsumeringa vil eg presentere kort agrument og premisser Arne Krokan og Peder Haug har. Eg vil også seie noko om å ta eit standpunkt. I andre del vil eg sjå på debatten om mobilbruk i skulen. I siste del vil eg oppsumere debatten frå del 2 i ein samansett tekst.

 Del 1: Studie av debatt
Arne Krokan er professor i institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU. Han presenterer temaet ''Hvordan endrer ny teknologi i samfunnet og skolen?'' og hovudpunktet hans er at teknologien har utvikla seg stort og med det endrar også samfunnet seg. Den norske skulen har ein del teknologi men føl ikkje utviklinga. Det er viktig at ein ikkje bruker den nye teknologien i den gamle skulen og læringsstrukturen, men ein må utvikle ein ny læringsstruktur.

Peder Haug er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Han presenterer temat '' Skulen i framtida, danning og teknologi. Han er kritisk til data og sosiale medier hos læring. Han meiner at ein må isolere utdanning og teknologi. Læring må sjåast på sosialt og kognitivt, og ein kan ikkje bruke teknologi som ein snarvei. Menneskehjerna må aktiverast og ein lærer gjennom erfaring, øving, prøving, feiling og gjenntaking. Endringane som skjer i skulen må vere godt gjennomarbeida. Ein har tidlegare sett på endringar som har vore prøvd ut i skulen utan å lykkast fordi dei ikkje har passa i skulen.

Begge har tatt eit standpunkt, ''dei har ei mening om ei sak'' (Federl). Dei har same standpunktet om at teknologi må inn i skulen, likevell ser dei på saka på ulike måtar. Krokan meiner vi ligg etter medan Haug meiner at det er viktig at dette går seint.

Del 2: Informasjonssøk, kildevurdering og kildebruk
Eg har vald å sjå på mobilbruk i skulen. Ein sak vi diskuterer på min arbeidsstad, ein sak som er i media lokalt og nasjonalt. Skal elevane ha fri bruk av mobilen, bruke mobilen til enkelte oppgåver eller skal vi forby mobilen heilt?

Eg har lese fleire artiklar på nett om dette. Kva eg har funne ut og litt om mine eigne meingar vil eg presentere i del tre. Når ein googler mobilbruk i skolen får ein mange treff. Det er treff med både negative og positive argument, sjølv om det er lenger mellom dei treffa med positive argument. Dette trur eg har ein samanheng med at media har vald å vinkle mobilbruk i skolen som noko negativt.

Del 3: Representasjon av egenforståelse
Eg har vald å bruke powtoon til å lage ein samansett tekst. Det er fyrste gong eg brukar programmet så det vart litt prøvng og feiling. Eit program eg ser for meg eg kan dra vidare inn i undervisninga.

For å sjå min samansette tekst trykk her.

Kjelder:

Bratvold, Eva (2009) Ja til pedagogisk bruk av mobil på skolen. Henta 17.04.2016 frå: https://evabra.wordpress.com/2009/09/02/ja-til-pedagogisk-bruk-av-mobil-pa-skolen/

Federl, Marion: Standpunkt, argument og premiss. Henta 17.04.2016 frå http://ndla.no/nb/node/60580 

Munthe, Kris (2015) Hvorfor skal vi ha et mobilforbud i skolen? Henta 18.04.2016 frå:
https://www.utdanningsnytt.no/debatt/2015/oktober/hvorfor-skal-vi-ha-et-mobilforbud-i-skolen/

 VG (2015) Mobil bruk i skolen. Henta 17.04.2016 frå http://www.vg.no/nyheter/meninger/skole-og-utdanning/mobilbruk-i-skolen/a/23477005/

Werner, Kjell (2015) Mobil bruk i skolen. Henta 17.04.2016 frå: http://www.universitetsavisa.no/forskning/article39262.ece

Østby, Ingvild Elise (2014) Mobilfrie skoler er bra for alle. Henta 17.04.2016 frå: http://www.aftenposten.no/meninger/sid/Mobilfrie-skoler-er-bra-for-alle-7781164.html


onsdag 30. mars 2016

Bloggoppgåve 3: Instruksjonsvideo


Denne bloggoppgåven er ei todelt oppgåve. I fyrste del skal eg presentrere eit storyboard eg har laga og refelktere over kor nytting det er å planlegge ein produksjon. I andre del vil eg presentere ein tabell om læringsformer der eg har laga eit undervisningsopplegg der video eller lyd inngår. Eg vil også diskutere undervisningsopplegget.

Storyboard

Eg har vald å lage eit storyboard til ein film om deling/dividering. Dette er eit tema som enkelte treng god visuallisering for å forstå. Målgruppe vil i hovudsak vere 3. klasse ettersom det er då ein starter med deling, men filmen vil også vere nytting til nokre elevar i eldre trinn. Det er viktig at ein brukar noko som blir naturleg for elevane, noko dei også kan dele.

 Om du vil sjå storyboarden i større format, trykk her.

Det er ein stor fordel og planlegge ein produksjonen. Ein kan ofte tenke at det tar så lang tid og planlegge at det kan vere raskare og begynne rett på. Likevell veit eg av tidlegare erfaring at det kan vere ein fordel å planlegge produksjonen på førehånd. Likevell gjorde eg dette ikkje når eg lagde film til fyrste bloggoppgåve. Hadde eg gjort dette hadde eg nok unngått uendelig mange klipp som vart feil. Eg hadde nok også spart meg for arbeidet når eg skulle redigere ettersom det var ein del fram og tilbake.

Undervisningsopplegg

Ettersom eg i år er i mammapermisjon og underviser berre nokre timar i veka har eg vald å bruke eit  tverrfagleg undervisningsopplegg frå i fjor. Eit stort undervisningsopplegg der vi brukte alle musikk timane og ein del gym timar. Vi kunne gjerne også ha inkludert fleire fag, men det vart ikkje gjort. Undervisningsopplegget har eg lagt inn i den didaktiske relasjonsmodellen og under arbeidsmetoder har eg inkludert områdene i tabellen om læringsformer frå leksjon 6 (Harman, 2016)

Mål:  
Frå læreplanen i musikk: 
- delta i framføring med sang, spill og dans der egenkomponert musikk og dans inngår
-  komponere og gjøre lydopptak ved hjelp av digitale verktøy
Frå læreplanen i kroppsøving:
- eksperimentere med kroppslege uttrykk og danse enkle dansar frå ulike kulturar

Innhold: 
Elevane skal lage ein musikkvideo til ein sjølvvald sang.  

Rammefaktorar:
Elevgruppe på 25 elevar, fordelt på 6 grupper. Kvar gruppe får eigen ipad og bærbarpc til disposisjon. Ein bruker kamera på ipad til å filme/ta bileter. På pc bruker ein movie maker til å redigere film. 
Ein har rom 3, rom 4 og salen til rådighet - kan og vere ute ved behov. 
Tid: 14 timar.

Deltakarforutsetningar:
Elevane får introduksjon i ulike aspekter av ein musikkvideo og korleis ein bruker movie maker.
Elevane kan bruke ipad til å filme med.

Arbeidsmetodar:
Tilegnelse: Presenterer prosjekter/oppgåva. Viser musikkvideoar frå youtube for å vise ulike perspektiv og effekter. Kurs i moviemaker ved å redigere ein film dei er kjend med.
Samarbeid: Elevane er i grupper på 4/5. Fokus på at når ein samarbeidar er det ikkje alltid slik at fleiretalet bestem, ein må kompromisere.
Praksis: Filme og ta bileter, lage dans, redigere musikkvideo.
Produksjon: Filmklipp og bileter - ferdig musikkvideo.

Vurdering:
Vurdere korleis elevane samarbeier og planlegg prosessane. 
Vurdere sluttresultat og korleis tida vart nytta.
Vurdere kva som var bra og kva vi som vaksne kan gjere på ein anna måte?

Refleksjon rundt undervisningsopplegget.
Dette er som sagt eit opplegg som allerede er gjennomført. Eit opplegg som elevane var veldig positiv til og eit opplegg eg vil bruke fleire gongar. Det var sjølvsagt ting som ein kan endre på.

For å tenke tilbake til korleis eg tenke før vi gjennomførte opplegget var det ein del ting vi gjorde for å forsikre oss om at vi lykkast. Vi passa på at maskinen og ipadane var ledige og fungerte og at movie maker var instalert på maskinene. Vi passa også på å ha ein god presentasjon og gode eksempler å vise slik at elevane viste kva dei skulle i gang med. Vi såg fleire utfordringar. Gruppene måtte fungere og elevane måtte tørre og sleppe seg litt lause. Det var ein del ting som elevane måtte ta etter kvart som dei kom til dei ulike oppgåvene der dei trengte hjelp, der det kunne bli vanskeleg å hjelpe mange på ein gong.


­Avslutning:
Eg har i denne oppgåva lært meg korleis eg skal lage ein storyboard ved hjelp av Groupzap. Eit program som var lett å bruke noko som er ein stor fordel om ein vil introdusere det til elevar. Eg har også presentert eit undervisningsopplegg der ein tar i bruk lyd, bilete og filmklipp.


Kjelder:

Harman, J. (2016) Leksjon 6 Læringsformer og medieteknologi: Video. Henta den 29.03.16 frå
https://docs.google.com/document/d/1mYUoZGtGXj3MztKMBo5goJaoOw0OMDpsA1_by7YTDGI/edit#

Kunnskapsdepartementet (2006) Læreplan i musikk. Henta den 29.03.16 frå  http://www.udir.no/kl06/MUS1-01  

 Kunnskapsdepartementet (2006) Læreplan i kroppsøving. Henta den 29.03.16 frå http://www.udir.no/kl06/kro1-04/



onsdag 24. februar 2016

Bloggoppgåve 2: Barn og unges mediebruk.

Eg skal i denne bloggoppgåven skrive om barn og unges mediebruk.
Eg har vald å bruke statistikk frå Mediatilsynet sin rapport Barn og medier 2014, Barn og unges (9-16år) bruk og opplevelser av media ogeg har gjort mi eiga vesle undersøking. Ettersom eg dette året er i 80% mammapermisjon og elevane mine har hatt vinterferie har eg vald og snakke med elevar på ungsomsskulen som eg kjenner til. Eg vil presentere statistikken og mine eigne funn med piktochart og deretter kommenteere funna. Til slutt vil eg reflektere over innsikt eg har fått i arbeid med dette.

Vi snakker om dagens mediegenrasjon og kva er dette.
Hagen og Wold (2009) seier følgjande:

I denne boka har vi teke utgangspunkt i at barn og unge er ein mediegenrasjon i den forstand at dagliglivet deira er gjennomsyra av mediebruk. (s. 170)
Eg vil sjølv seie eg er ein del av mediegenrasjonen. I 2000 var eg ti år gammal, pappa kom heim og fortalde at han hadde kjøpt ei datamaskin. Dette var store greier. I starten brukte eg maskina til spel og teikne på paint, etter kvart fekk vi også internett. Etter ei tid fekk eg MSN, der kunne eg chatte med dei eg hadde lagt til, dette var stortsett berre venner, etterkvart fekk vi andre måtar og halde kontakt på og eg hadde også blink og nettby før Facebook tok over innan sosiale media. Facebook er framleis vanleg men ein har også fått andre som twitter, instagram og blogg, berre for å nemne nokre få. Kanskje kan eg seie at eg tilhøyrar ein ''mellom generasjon.'' Eg starta barndommen uten datamaskin, men etterkvart kom datamaskinen også inn i min kvardag medan eg frameleis var eit barn. Eg har utvikla meg og blitt eldre, eg har også fått oppleve teknologien som har utvikla seg og blitt større.

Eg har vald og fokusere på bruk av sosialemedier og personvern. Kva er dei sosiale nettstadane som er mest brukt? Tenkjer dei unge i dag over kven dei delar passordet sitt med? Tenkjer dei unge i dag over kva dei deler på nett og kven dei deler det med? Dette vil eg kommentere utifrå undersøkinga eg har sett på og undersøkinga eg sjølv har hatt.
I rapporten frå mediatilsynet finn ein resultatet delt opp etter jenter og gutar, 12 -14 år og 15-16 år, eg har vald og framstille desse tala under ei grupper. Ettersom eg har data frå 10 personar i alderen 13-16 år.

Min infografikk kan også sjåast her.

Loading...
Loading...

Sosiale nettstader ser ut til at det kan vere veldig vanleg blant ungdommer, alle eg snakka med hadde fleire stader dei var innom dagleg, fleire gongar dagleg. Ein ser at 4 på topp på begge undersøkingane blant sosiale nettstader er Facebook, Instagram, Snapchat og Youtube. Dette er noko som stadig er i endring. Det vi bruker i dag, er kanskje ikkje det same som vi vel og bruke. Ein ting eg trur er meir konstant er at vi bruker nettet til å kommunisere med andre, vi finn berre nyte måtar/program/nettstader og gjere dette på.

Om endringar seier Hagen og Wold(2009)
Vi står opp i ein medierevolusjon som ikkje er slutt enno, og landskapet endrar seg raskare enn vi rekk å skriva. (s.24)
Personvern er viktig i dagens samfunn. Kor godt beskyttar ein seg på nett og kor mykje veit enn om det ein delar? Kven kan sjå det? Kor havnar det?
Nettvett er viktig. Eit tema eg har fått inntrykk ein snakkar om med elevar i alle aldrar. Noko ein stadig må minne elevane på, og noko mange har gode tankar om.
Undersøkinga mi viser at halvparten veit eller har delt passordet til/med venner. Resultatet frå mediatilsynetsrapport viser at 20-30 % veit eller har delt passordet til/med venner.
I begge undersøkingane har 70% vore inne og endra personverninstillingane på facebook slik at berre venner kan sjå det dei deler.

Eg har fått intrykk av at instagram er meir populært blant elevar eg har hatt på mellomtrinnet og på dei eg har snakka med i denne undersøkinga.  Dei fleste har lukka profila, andre har to profila der dei har ein offentleg og ein privat. Eg tenker det er positivt at dei tenker over kva dei legg ut av seg sjølv på nett.

Sosiale nettstader tenkjer eg er komen for og bli. Ungdomen eg har prata med seier at dette er ein stor del av kvardagen deira. Er dei ikkje fysisk med venner, har dei kontakt via internett. Eg tenkjer at nettvett er viktig for å gjere ungdommen klar over kva ein deler av seg sjølv. Eg ser positivt på at flesteparten tenker over kva dei deler med andre. Det at 50 % veit passordet til vennane sine og 50% har delt passordet sitt til vennane bekymrar meg litt, likevell er det positivt at det i mediatilsynetsrapport er lavara tal. Der kjem det fram at er 28 % veit passordet til vennane sine og 18 % har delt passordet til venanne sine.
Resultata viser at det er viktig og ha ein god dialog med barn og unge om bruk av teknologien som ikkje stoppar og vekse.

Lenker:
Hagen, I., & Wold, T. (2009). Mediegenrasjonen, Barn og unge i det nye medielanskapet. Oslo: Det norske samlaget
 Medietilsynet (2014). Barn og medier 2014, Barn og unges (9-16år) bruk og opplevelser av media. Henta den 20.02.2016 frå http://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/2015/rapport_barnogmedier_2014.pdf

tirsdag 9. februar 2016

Bloggoppgåve 1: Presentasjon av meg sjølv!

Fyrste oppgåve ut er å lage ein presentasjon av meg sjølv ved bruk av levende bilder og lyd, med hjelp av digitale verktøy.

Vi vart oppfordra til å bevege oss ut av komfortsona, for meg var det enkelt å finne ut kva eg skulle gjere - ha med ein film om meg sjølv som prata. der eg presenterer meg sjølv. Å høyre mi eiga stemme på opptak liker eg ikkje, og dele det med andre liker eg mindre - likevel har eg vald å bevege meg ut av komfortsona.

Eg skulle også fortjele kva eg ville få ut av dette kruset. Eg tenkte at eg måtte finne eit verktøy som eg seinare sjølv kunne bruke i undervisning og valet falt på Storybird (<-trykk på for å kome til nettstaden), etter eg hadde vore innom fleire alternativ. Storybird har eit stort arkiv bileter som ein kan ta i bruk for å lage ei digital forteljing/bok ved å bruke sine eigne ord. Eit stort pluss er at dette programmet er gratis og er laga for bruk i skulen.
Når eg starta vart det ein del prøving og feiling - eg måtte finne ut korleis det virka og til slutt fekk eg laga meg ei lita bok. Den kan du lese her(<- trykk) - men den kjem også som ein del av filmen. For å få bileta i boka med i filmen tok eg i bruk funksjonen print screen og programmet paint, slik at det vart lagra som bileter på datamaskina mi.

Til å redigere alt i lag brukte eg Windows movie maker. Eit program eg likar godt som eg har brukt som elev/student, lærar og eg har latt elevane mine bruke dette. Eg tenkte her det var greit å bruke eit program eg var godt kjend med som fungerar godt. Utfordringa her var at bileta frå storybird vart litt kornete, dette prøvde eg å endre ved å lage bileter i ulike filformat utan hell.

Ein lærdom eg har tatt med meg i frå DKL 101-102 og erfaring frå jobb er at det er viktig at verktøya ein vel ut er gratis eller lite kostbare og at det krev lite utsyr. Programma eg har brukt er derfor gratis og telefon og pc er det eg har brukt av utstyr.





mandag 8. februar 2016

DKL 114

Eg har no såtte meg tilbake på skulebenken.
Det er no DKL 114 medieproduksjon og samensette tekstar i læring.

Her er ein del komponenter som ikkje er oppdatert å heng igjen fra DKL 101 og 102. Dette skal eg få fiksa snart.

Studiet er litt kjend frå før ettersom eg har tatt DKL 101 og 102 tidlegare.
Eg gledar meg til å starte ei nytt emne.

lørdag 12. mai 2012

Samensatte tekster

Samansatte tekster kan vere så mangt, aviser, plakater og film. Vi fekk prøve og lage animasjonsfilm under ei samling i DKL 102, og fekk tips om korleis vi kunne gjennomføre dette i skulen. Animasjonsfilm eller anna film kan brukast i fleire fag, eigentleg i alle fag - her er det kun fantasien som set grenser. Ein kan tildømes bruke det tverrfagelig foreksempel ved å lage eventyr i norsk og kulisser i Kunst og handtverk. Før ein filmer må ein lage Arbeidsplan/mål, manus og passe på at ein har utsyret som ein treng.

Forberedelser:
  1. Vi valge oppgåve, lage animasjonsfilm av eit eventyr - Haren og Skilpadden
  2. Idemyldring - korleis skulle dette gjennomførast? Vi kom fram til at vi skulle lage ein moderne versjon som vi ville kalle fotballspelaren vs nerden.
  3. Vi lagde skisser over kva forskjellige sett vi ville ha med, jo ferre jo enklare. Gjenbruk var også eit viktig element her - Det er enklare om vi kan bruke enkelte kulisser fleire gonger. Under denne delden lagde vi teikneseriestripe med plan
  4. Manus - Vi lagde eit manus med kva som skulle skje og kva som skulle bli sagt.
  5. Vi fann ut kva utstyr vi trengte
    - Kamera
    - Stativ
    - Plastelina ( til figurer)
    - Legofigurer
    - Ark til å lage kulisser
    - Data til redigering av film og lyd. Programa vi bruke var movie maker og Audacity. Dette var program eg tykjer var lette å bruke som ein ikkje treng veldig store ferdigheter for å bruke.
Bildetaking:
  1. Vi lagde til kulissene og byrja å ta bileter - dette var ein tidskrevande prosess. Vi flytta figurane millimeter for millimeter mens vi tok bileter.
Redigering:
  1. Vi la bileten inn på datan og fekk dei i riktig rekkefølge. La inn tid på dei forskjellige bildene på kor lang tid dei skulle vise
  2. Vi laga lyden i små klipp i Audacity for å seinare legge dei inn i movie maker.
  3. Lagre og klart.


Filmen kan du sjå her   <-- Link til youtube


Under prosessen såg vi andre ting vi kunne ha endra på. Vi hadde blant anna veldig mange bilder og det tok veldig lang tid.  Likevell sat vi igjen med gode tanker om å bruke dette som verkty i skulen. Det er noko som trigger elevane fordi det er litt nytt og noko som fleire elevar tykjar er spennande å arbeide med.