onsdag 30. mars 2016

Bloggoppgåve 3: Instruksjonsvideo


Denne bloggoppgåven er ei todelt oppgåve. I fyrste del skal eg presentrere eit storyboard eg har laga og refelktere over kor nytting det er å planlegge ein produksjon. I andre del vil eg presentere ein tabell om læringsformer der eg har laga eit undervisningsopplegg der video eller lyd inngår. Eg vil også diskutere undervisningsopplegget.

Storyboard

Eg har vald å lage eit storyboard til ein film om deling/dividering. Dette er eit tema som enkelte treng god visuallisering for å forstå. Målgruppe vil i hovudsak vere 3. klasse ettersom det er då ein starter med deling, men filmen vil også vere nytting til nokre elevar i eldre trinn. Det er viktig at ein brukar noko som blir naturleg for elevane, noko dei også kan dele.

 Om du vil sjå storyboarden i større format, trykk her.

Det er ein stor fordel og planlegge ein produksjonen. Ein kan ofte tenke at det tar så lang tid og planlegge at det kan vere raskare og begynne rett på. Likevell veit eg av tidlegare erfaring at det kan vere ein fordel å planlegge produksjonen på førehånd. Likevell gjorde eg dette ikkje når eg lagde film til fyrste bloggoppgåve. Hadde eg gjort dette hadde eg nok unngått uendelig mange klipp som vart feil. Eg hadde nok også spart meg for arbeidet når eg skulle redigere ettersom det var ein del fram og tilbake.

Undervisningsopplegg

Ettersom eg i år er i mammapermisjon og underviser berre nokre timar i veka har eg vald å bruke eit  tverrfagleg undervisningsopplegg frå i fjor. Eit stort undervisningsopplegg der vi brukte alle musikk timane og ein del gym timar. Vi kunne gjerne også ha inkludert fleire fag, men det vart ikkje gjort. Undervisningsopplegget har eg lagt inn i den didaktiske relasjonsmodellen og under arbeidsmetoder har eg inkludert områdene i tabellen om læringsformer frå leksjon 6 (Harman, 2016)

Mål:  
Frå læreplanen i musikk: 
- delta i framføring med sang, spill og dans der egenkomponert musikk og dans inngår
-  komponere og gjøre lydopptak ved hjelp av digitale verktøy
Frå læreplanen i kroppsøving:
- eksperimentere med kroppslege uttrykk og danse enkle dansar frå ulike kulturar

Innhold: 
Elevane skal lage ein musikkvideo til ein sjølvvald sang.  

Rammefaktorar:
Elevgruppe på 25 elevar, fordelt på 6 grupper. Kvar gruppe får eigen ipad og bærbarpc til disposisjon. Ein bruker kamera på ipad til å filme/ta bileter. På pc bruker ein movie maker til å redigere film. 
Ein har rom 3, rom 4 og salen til rådighet - kan og vere ute ved behov. 
Tid: 14 timar.

Deltakarforutsetningar:
Elevane får introduksjon i ulike aspekter av ein musikkvideo og korleis ein bruker movie maker.
Elevane kan bruke ipad til å filme med.

Arbeidsmetodar:
Tilegnelse: Presenterer prosjekter/oppgåva. Viser musikkvideoar frå youtube for å vise ulike perspektiv og effekter. Kurs i moviemaker ved å redigere ein film dei er kjend med.
Samarbeid: Elevane er i grupper på 4/5. Fokus på at når ein samarbeidar er det ikkje alltid slik at fleiretalet bestem, ein må kompromisere.
Praksis: Filme og ta bileter, lage dans, redigere musikkvideo.
Produksjon: Filmklipp og bileter - ferdig musikkvideo.

Vurdering:
Vurdere korleis elevane samarbeier og planlegg prosessane. 
Vurdere sluttresultat og korleis tida vart nytta.
Vurdere kva som var bra og kva vi som vaksne kan gjere på ein anna måte?

Refleksjon rundt undervisningsopplegget.
Dette er som sagt eit opplegg som allerede er gjennomført. Eit opplegg som elevane var veldig positiv til og eit opplegg eg vil bruke fleire gongar. Det var sjølvsagt ting som ein kan endre på.

For å tenke tilbake til korleis eg tenke før vi gjennomførte opplegget var det ein del ting vi gjorde for å forsikre oss om at vi lykkast. Vi passa på at maskinen og ipadane var ledige og fungerte og at movie maker var instalert på maskinene. Vi passa også på å ha ein god presentasjon og gode eksempler å vise slik at elevane viste kva dei skulle i gang med. Vi såg fleire utfordringar. Gruppene måtte fungere og elevane måtte tørre og sleppe seg litt lause. Det var ein del ting som elevane måtte ta etter kvart som dei kom til dei ulike oppgåvene der dei trengte hjelp, der det kunne bli vanskeleg å hjelpe mange på ein gong.


­Avslutning:
Eg har i denne oppgåva lært meg korleis eg skal lage ein storyboard ved hjelp av Groupzap. Eit program som var lett å bruke noko som er ein stor fordel om ein vil introdusere det til elevar. Eg har også presentert eit undervisningsopplegg der ein tar i bruk lyd, bilete og filmklipp.


Kjelder:

Harman, J. (2016) Leksjon 6 Læringsformer og medieteknologi: Video. Henta den 29.03.16 frå
https://docs.google.com/document/d/1mYUoZGtGXj3MztKMBo5goJaoOw0OMDpsA1_by7YTDGI/edit#

Kunnskapsdepartementet (2006) Læreplan i musikk. Henta den 29.03.16 frå  http://www.udir.no/kl06/MUS1-01  

 Kunnskapsdepartementet (2006) Læreplan i kroppsøving. Henta den 29.03.16 frå http://www.udir.no/kl06/kro1-04/