tirsdag 24. april 2012

Heller facebook enn venner?



''Språkprofessor Sylfest Lomheim frykter at Facebook ødelegger kommunikasjonen mellom folk. Undersøkelser viser at en av fire unge synes det er viktigere å være oppdatert på Facebook enn å treffe venner.'' (Internett 1) Dette er teksten som man finner under filmen på nrk.

Dette er ikkje fyrste personen eg høyrer seie dette, og dette er noko som stadig dukkar opp som eit diskusjonstema. Blir vi for avhengige av facebook? Møtast vi mindre fordi vi heller snakka med kvarandre på facebook? Kan ein ha den same kontakta på facebook som ein kan ha om ein møtast fysisk?

Eg tenkjer at det er viktig og ikkje berre fokusere på det negative, men også hugse på alt det nye facebook åpner opp for. Før var det vanleg at folk sendte brev for å halde kontakt med familie og venner som budde langt vekke, mens no er det meir vanleg å chatte, sende private meldingar eller skrive på veggen til kvarandre på facebook. Mange vil meine at det er trist at det blir sånn, mens eg har ikkje nokke i mot denne endringa. Etter eg starta på høgskulen hadde eg venna spreidd over heile landet, eg hadde ikkje såtte med ned og sendt brev eller en sms like ofte som eg gir dei eit lite vink på facebook. Det gjer det litt lettare å bare seie hei og ''slå av ein liten prat'' når ein har folk så lett tilgjengeleg på facebook.
Det er også mogligheitar til å avtale ting. Er man ti stykke som skal møtast er det enkalre å lage eir arrangement, gruppe eller ein felles meldingstråd i staden for å ringe eller sende mange sms fram og tilbake.

Om ein skal gå litt meir over til om korleis facebook påverkar vår sosiale kvardag. Sitt vi heller på facebook enn å møtast. Utifrå min kvardag vil eg seie at vi møtest ofte sjøl om vi også snakkast åå facebook, fordi det er alltid mykje kjekkare og vere i lag enn å sitte å ''snakke'' med kvarandre på facebook. Om ein prøver å snu det kan ein tenke om vi ikkje hadde hatt facebook om vi hadde møttest oftare? Eg tenkjer at kansje hadde vi møttest litt meir, men det hadde nokk ikkje ført til dei aller største forskjellane.
Om ein skal sjå på dei som er litt yngre veit eg at alle mine tre brødre bruker facebook veldig mykje til å avtale at dei skal møtast. Det er også då lettare at fleire får med seg at no blir det fotball i ballbingen og det er berre å hive seg med for dei som vil. Sjølv om dei bruker tid på å snakke med venner på facebook møtast dei også ofte.

For å avslutte vil eg seie at på grunn av utviklinga vi går inn i der data og anna teknologi er ein veldig stor del av kvardagen vår er det naturleg at facebook blir ein større del av kvardagen. Eg trur at facebook er med på å gjere at vi har meir kontakt med venner, familie og bekjente enn om vi ikkje hadde hatt facebook.

Det allere viktigaste er at sjølv om datan blir ein større del av kvardagen må vi hugse å trykke på avknappen.

Internett 1:http://www.nrk.no/video/heller_facebook_enn_venner/8523BEB08B81AE68/

1 kommentar:

  1. Dette var eit veldig interessant tema! Eg tykkjer du kjem med mange gode synspunkt, som eg støttar deg i! :) Det er bra at du ser dei positive sidene facebook opnar for, og eg er heilt einig i konklusjonen din om at facebook kanskje gjer til at ein møter vennar oftare. Dette er vertfall mi erfaring, sidan det er lett og planlegge ting og halde kontakt med vennar der:)

    SvarSlett